Bygging av felles identitet, kultur og samhald når to kommunar slår seg saman er ei viktig og utfordrande oppgåve. Dette gjeld både eksternt mot innbyggjarane og internt i høve tilsette. I kva grad ein klarer å skape felles kultur og tilhøyrsle til ny kommune vil vere avgjerande for å nå den overordna målsettinga for den nye kommunen, og er derfor eit viktig mål i seg sjølv.

Intensjonsavtalen punkt 4. oppmodar dei politiske partia i Eid og Selje til raskast råd å starte eit samarbeid og felles prosessar for å skape ein vi-kultur i den nye kommunen.

Fellesnemnda ser arbeid med felles kultur og identitet for ny kommune som ei viktig og prioritert sak. I budsjett for fellesnemnda handsama og godkjent 21.09.2017 er det sett av midlar til ekstern kulturbygging for Stad kommune, og 18. januar 2018 vedtok nemnda å utarbeide ein overordna plan for kulturbygging.

Ein plan/tiltak for ekstern kulturbygging for nye Stad skal bidra til å sette arbeidet i fokus og planlegge for at dette skjer på ulike nivå og i ulike miljø. Planen skal utarbeidast i samarbeid med sivilsamfunnet, organisasjonar og institusjonar og innehalde eit overordna kultur- og aktivitetsprogram for kommunen sine innbyggjarar fram mot 2020.  

Det er sett ned ei temagruppe for kulturbygging som skal utarbeide ein plan for arbeidet. Gruppa vil vere ein «katalysator» for idear og aktivitetar, og vil etter behov knyte til seg ressurspersonar eller grupper etter behov.

Temagruppa:

Stein Robert Osdal, leiar fellesnemnda (Selje)

Alfred Bjørlo, nestleiar fellesnemnda (Eid)

Marita Aarvik (Selje)

Kjetil Vetrhus (Selje)

Maria Helgesen (Selje)

Thomas Hals (Eid)

Stein Bjørhovde (Eid)

Astrid Grete Torheim (Eid)

Sunniva Henden (Eid)

Kristian Nave (Bryggja)

Repr. frå ungdomsråda i Eid og Selje