Folk må møtast!
- Vi skal byggje den nye kommunen i felleskap. Då må vi kjenne kvarandre! Vi har etablert fondet for at lag og organisasjonar, barnehagar, skuleklasser og alle andre skal kunne møtast og bli betre kjende med kvarandre gjennom ulike aktivitetar og arrangement. Det sier Stein Robert Osdal leiar av fellesnemnda i Eid og Selje.

Målet er å bidra til meir aktivitet og samarbeid mellom innbyggjarane i dei to kommunane. Både i 2018 og 2019 skal det delast ut midlar. Føresetandane er sjølvsagt gode tiltak.

Alle kan søkje
- No er det berre å vere kreativ og sjå moglegheiter, oppmodar Osdal. For eksempel kan idrettslag gå saman om ei turnering, eit turlag kan setje opp ein buss med tur til ulike delar i den nye kommunen, eller skuleklasse kan arrangere fellesturar.

Kravet for å få støtte frå fondet er at aktiviteten foregår i enten Eid, Selje eller på Bryggja, og at tiltaket vert markedsført/skapa blest om lokalt.

Kulturbyggingsgruppa
Det er oppretta ei kulturbyggingsgruppe samansatt av politikarar, lag og organisasjonar, frivilligheita og representantar frå ungdomsråda. Denne gruppa skal utforme eit overordna program for aktivitetar knytt til kulturbygging i den nye kommunen - og kva markeringar vi skal ha i fellesskap fram mot 2020. 

Enkel søknadsprosess
- Det er ikkje naudsynt å bruke lang tid på søknadsprosessen. Det viktigaste er å ha eit godt tiltak og gjennomføre det slik at vi faktisk møtast på tvers av kommunegrensene, avsluttar Osdal. Han ser fram til å dele ut midlar til gode føremål allereie no!

Reglar for Bli-kjend fondet

Søk her!