For at visjonen skal ha verdi, er det viktig at flest mogeleg har eigarskap til den. - Både innbyggjarane, næringsliv, lag, organisasjonar, politikarene og dei som jobbar i kommunen må kjenne til den og kunne bruke den.

Visjonen skal både skape identitet og stoltheit, og samtidig sei noko om korleis vi vil at den nye kommunen skal vere.

«Jakta på folkeviljen» vil no vite kva DU meiner er ein god visjon for Stad kommune, og kva styrker og verdiar vi bør leggje vekt på i den nye kommunen.

 

Kva er ein god visjon?

Visjon er noko meir enn eit slagord eller heiarop. Visjon er ein framtidig, ønska tilstand - eit felles mål å strekkje seg mot!

Ein god visjon skal:

1. Vere enkel og truverdig

2. Vere ambisiøs - men ikkje uoppnåeleg

3. Vere attraktiv og inkluderande

4. Vise gode verdiar

5. Vitaliserande - vise vilje til endring og skape kreativ spenning

 

Det er det nye kommunestyret i Stad som skal vedta visjonen.

Bruk kontaktskjemaet under eller send mail til post@eid.kommune.no

Fristen er 28. november.

God jakt på visjon!