Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Lokaldemokrati

Medverknad i prosessen

ropert

Eit viktig mål i arbeidet med kommunesamanslåinga mellom Eid og Selje er å utvikle eit levande lokaldemokrati i den nye kommunen - i aktivt samspel med lokalpolitikarane og innbyggjarane i alle aldrar og alle delar av kommunen. 

Informasjon om arbeidet med lokaldemokrati i den nye kommunen vert lagt ut på denne sida fortløpande.

Regjeringen om lokaldemokrati

Ver med å byggje framtid for di kommune!

Ope folkemøte 25. april 2018

Å utvikle og styrkje lokaldemokratiet er ein viktig målsetnad for alle kommunar. Vi ønskjer å gje innbyggjarane gode moglegheiter for demokratisk deltaking - men skal vi lukkast med å skape eit sterkt lokaldemokrati må vi saman med innbyggjarane ta ansvar for at det skjer! Eit demokratisk og rettferdig samfunn føreset engasjerte innbyggjarar som aktivt deltek i viktige politiske avgjersler. Kjem rekruttering til og motivasjon for politikk i ubalanse, vert lokaldemokratiet svekka.

Resultat frå lokaldemokratiundersøkinga

Framtidas lokaldemokrati

I høve arbeidet med kommunesamanslåing har Eid og Selje gjennomført KS si lokaldemokratiundersøking. Dette vert gjort som del av prosjeket Framtidas lokaldemokrati som Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilbyr kommunar som slår seg saman - og som skal bidra til fornying og utvikling av lokaldemokratiet.

Undersøkinga blant dei folkevalde blei gjennomført 9. november og undersøkinga mot innbyggjarane i veke 45-46 2017.

Her følgjer resultata frå lokaldemokratiundersøkinga i Eid og Selje gjennomført i kommunestyret 9. no samt resultata som er gjort blandt innbyggjarane i dei to kommunane. 15. mars vert undersøkinga gjennomgått og drøfta med politikarane under eit felles kommunestyremøte mellom Eid og Selje. Erfaringsgrunnlaget vert så teke med vidare i arbeidet for eit skyrka lokaldemokrati i ny kommune.

 

KS - Bedre kommue

 

Resultat innbyggjarar Eid     Pres. for kommunestyre Eid 1. febr.

Resultat innbyggjarar Selje

 

Resultat folkevalde Eid kommune

Resultat folkevalde Selje kommune

Resultater folkevalgte Eid.xlsx

Lokaldemokratiundersøking Eid/Selje 9. nov.

Fornying og utvikling av lokaldemokratiet

stadbub.JPG

Godt samspel mellom kommunen og innbyggjarane er ein viktig del av utviklingsarbeidet i prosessen med kommunesamanslåing, og ei viktig målsetting for nye Stad kommune.

I eit godt lokaldemokrati vert det lagt vekt på openheit og innsyn, moglegheit for involvering og medverknad i prosessane - og oppleving av nærleik til dei folkevalde.