Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kommunevåpen

Val av tema for nytt kommunevåpen

STAD 2020 / kommunane Eid og Selje inviterte i vinter innbyggjarane til å kome med forslag til tema for kommunevåpen for nye Stad kommune. Mange har engajsert seg og kome med forslag, både vaksne, born og unge! Fristen for å sende inn forslag er no ute og det skal takast ei avgjersle på kva tema ein skal gå vidare med i utforminga av det endelege kommunevåpenet.

Kommunevåpen

Stad kommune

Eid_komm.svg.png  Selje_komm.svg.png               ?

Det skal utformast kommunevåpen for Stad kommune. Eit nytt kommunevåpen blir eit viktig symbol for identitet og samhald i den nye kommunen. Intensjonsavtalen som er inngått mellom Eid og Selje kommunar beskriv at dette skal fastsetjast etter ein open prosess der innbyggjarane blir invitert inn til å kome med idear og framlegg.