Prosjekt STAD 2020

Vi skal saman byggje ein ny kommune. 1. januar 2020 skal Stad kommune stå klar. Saman skal vi utvikle nye, gode og likeverdige velferdstenester til innbyggjarne nær der dei bur. Vi skal få til ei meir heilskapleg samfunnsutvikling med betre samordna tenester, bustad-, nærings- og arealutvikling. Vi skal sikre ein berekraftig økonomi og eit styrka lokaldemokrati. Vi skal skape gode bumiljø, gode oppvekstsvilkår og trygge lokalsamfunn for og med innbyggjarane. Den nye kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsplass med vekt på trivsel, kompetanse, leiing og medarbeidarskap. Å byggje ein ny kommune krev god planlegging, solid innsats og samarbeid frå alle partar – både tilsette, folkevalde og innbyggjarane. 

Kommunesamanslåinga er organiserast i prosjektet STAD 2020 der det overordna målet er at Stad kommune skal vere i drift 1. januar 2020. Kommunesamanslåing er meir enn ei samanslåing av dei to kommuneadministrasjonane og ei oppheving av kommunegrense og etablering av nye. Ei kommunesamanslåing er ein planlagt endringsprosess, som påverkar både samfunns- og organisasjonsstrukturane, og aktørane (menneske, organisasjon, bedrifter etc) som inngår i desse. I samanslåingsprosessen må ein såleis greie ut meir enn berre den driftsmessige og tenestemessige sida av ei kommunesamanslåing. Å ta omsyn til innbyggjarane si identitetsmessige orientering vert også viktig.

Kvifor slå seg saman

Intensjonsavtalen mellom Eid og Selje ligg til grunn for vedtaka om kommunesamanslåing. Intensjonsavtalen skildrar kva ein vil oppnå ved å gå saman i ein ny kommune:

Hovudmål

  • Sikre gode og føreseielege tenester for innbyggarane
  • Vere ein attraktiv lokaliseringsstad for ny næringsverksemd, fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar. Den nye kommunen skal ha særleg fokus på å utvikle sterke kompetansemiljø og størst mulig ringverknader knytt til havrommet, vekstpostensialet i kystnæringane, reiseliv og ny fornybar energi.
  • Sterkare gjennomslagskraft i samferdslespørsmål og andre regionale saker
  • Ha ein folketalsvekst i den nye kommunen på eller over landssnittet, for å sikre inntekter og kommuneøkonomi til å gje gode tenester til alle innbyggarane

Utvalde delmål

  • Utvikle desentraliserte tenestetilbod folk treng i kvardagen - som skular, sjukeheimar, helse, barnehagar og kulturtilbod - i alle deler av kommunen
  • Bli blant dei beste kommunane i Noreg innanfor skule/utdanning og kultur
  • Vere ein aktiv samfunns- og næringsutviklar og etablere møteplassar, partnarskap og samhandling
  • Det skal leggast til rette for å kunne bu, arbeide og ha tilgang til fritidstilbod i alle deler av kommunen
  • Vere ein utviklande og attraktiv arbeidsplass. Skape større og sterkare fagmiljø som gjev betre grunnlag for rekruttering og kompetanseutvikling