For å bidra til god informasjonsflyt vil mellom anna rådmennene i dei to kommunane jamleg sende ut informasjonsskriv til dei tilsette. Her vil det stå opplysande informasjon om kva som har skjedd den siste perioden, kva som vil skje framover og korleis det blir jobba for å nå måla våra.

I tillegg kan ein alltid finne ny og oppdatert informasjon på www.stad2020.no og eventuelt på dei to kommunane sine heimesider.

Dei tillitsvalde i Eid og Selje kommune er nøkkelspelarar i denne samanhengen, og du må gjerne ta kontakt med din hovudtillitsvald om du har spørsmål.