Historikk 

Ved handsaminga av kommuneøkonomiproposisjonen 2015 vedtok Stortinget 18.06.2014 å slutte seg til Regjeringa sitt forslag om å gjennomføre ei kommunereform. Kommunane fekk i oppgåve å vurdere om kommunesamanslåing var aktuelt for den einskilde kommune. Kommunane blei bedne om å gjere sine vedtak innan utgangen av juni 2016. Fristen vart deretter forlenga til 31.12.2016. 

Eid og Selje 

Kommunane Eid og Selje vedtok på bakgrunn av dette å greie ut ei samling av desse kommunane som eit ledd i kommunereformarbeidet. Avgjerd om kor vidt samanslåing skulle skje heilt eller delvis blei tufta på ei utgreiing som ville gje tilstrekkeleg grunnlag – både for politiske avgjerder og som grunnlag for innbyggarundersøking og mogeleg folkerøysting. Arbeidet med å finne fram til at Eid og Selje skulle inngå i ein ny kommune var resultat av ein omfattande prosess. Mange alternativ blei utgreia. For Selje var det utfordrande å velje mellom ein strategi langs kysten mot sør med Vågsøy, Bremanger og mot nord mot søre Sunnmøre og mot Eid og Nordfjord elles. For Eid blei tilsvarande utgreiingar gjennomført mot Gloppen, Stryn og Hornindal. Begge kommunane har hatt eit sterkt ynskje om å byggje ein større kommune. Eid – Selje i ny kommune er eit steg på vegen mot ein meir slagkraftig kommune! 

Stortinget handsama ei samla sak om kommunestruktur i juni 2017, og dei nye kommunane er tenkt å vere etablert seinast frå 2020.

 

Regjeringa sine uttalte mål med reforma er:

  • Gode og likeverdige tenester til innbyggjarane
  • Heilskapleg og samordna samfunnsutvikling
  • Berekraftige og økonomisk robuste kommunar
  • Styrka lokaldemokrati

Om kommunereforma:

 

Vår prosess

  • 9. nov. 2016 - 5. januar 2017 - Første sonderingsmøte mellom Eid og Selje (9. nov.) med beslutning om å gå vidare med møte i forhandlingsutvala. Intensjonsavtalen vert forhandla fram av forhandlingsutvala i Eid og Selje på bakgrunn av sams kommunestyrevedtak i Eid og Selje. 
  • 6. januar 2017 - Forhandlingsutvala i Eid og Selje blir samde om ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane til éin kommune frå 1. januar 2020. Forhandlingsutvalet for Selje var samansett av Stein Robert  Osdal (ordførar, Krf), Anfinn Sjåstad (Frp), Gunn Sande (Sp), Judith Kvåle (Tverrpolitisk liste). Forhandlingsutvalet for Eid var samansett av Alfred Bjørli (ordførar, V), Eli Førde Aarskog (varaordførar, H), Siri Sandvik (Ap) og Sigurd Reksnes (Sp). 

Forhandlingsmøte Selje Eid Fjordabladet.jpgForhandlingsmøte Selje Eid Fjordabladet1.jpg

Eid og Selje om kommunesamanslåing 

  • 9. januar 2017 - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tilrår samanslåing av kommunane Eid og Selje i ei oppdatert tilråding til Kommunaldepartementet. Tilråding
  • 10. januar 2017 - Intensjonsavtalen for nye Eid-Selje kommune vert lagt fram for handsaming på eit felles formannskapsmøte. Utgreiingsdok
  • 26. januar 2017 - Kommunestyra i Eid og Selje vedtek ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane til éin kommune frå 1. januar 2020. I Eid røysta 23 av 29 representantar for samanslåing, i Selje var stemmetalet 14 for og 3 imot. 

eid_selje_kommunesammenslåing.JPG

Avstemming om samanslåing i kommunestyremøte i Eid 26. januar 2017 

  • 5. april 2017 - Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrår ei samanslåing av Eid og Selje kommunar. Stortingsproposisjon
  • 27. - 28. mars 2017 - Kommunestyra i Eid og Selje samlar seg til eit felles kommunestyremøte i Fosnavåg for å drøfte framtidig kommunesamanslåing og utvikling.
  • 8. juni 2017 - Stortinget vedtek endringar i kommunestrukturen, jf. prop og innstilling. I vedtaket vert 111 kommuner slått saman til 43 kommunar.
  • 22. juni 2017 - Felles historisk kommunestyremøte på Eksersisplassen/Malakoff i Eid, der Stad kommune blir vedteke som namn på den nye kommunen. 25 av 29 stemte for dette. 

IMG_0059.JPGIMG_0050.JPG

Felles historisk kommunestyremøte Eid-Selje i friluft 22. juni 2017, Nordfjordeid. Ordførar i Eid Alferd Bjørlo, Fylkesmann i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre og ordførar i Selje Stein Robert Osdal