IMG_5279.JPGIMG_5173.JPGFiskevegn5

 

Felles plan for næringsutvikling

Eid og Selje kommunar og tettstaden Bryggja med krinsane Totland, Brygga og Maurstad blir frå 1. januar 2020 Stad kommune. Kommunane har i samarbeid med Fellesnemnd for Eid og Selje utarbeidd eit utkast til felles strategisk næringsplan, og arbeidet må  sjåast i samanheng med det arbeidet som kommunane no gjer med å bygge den nye kommunen. Den strategiske næringsplanen er meint å gje retning for det felles kommunale næringsutviklingsarbeidet i tida fram mot 1. januar 2020. Næringsplanen skal på sikt inngå i ein større kommunedelplan for strategisk utvikling av Eid og Selje kommunar, der bu-, besøks- og næringsattraktivitet er tema.

 

Mål og strategiar

Følgjande mål er sett for kommunane sitt næringsutviklingsarbeid: «Kommunane Eid og Selje skal vere ein aktiv samfunnsutviklar som legge til rette for utvikling av eksisterande næringsliv og for nyetableringar,  slik at næringslivet oppnår forventa  auke i lokal sysselsetting». 

Fem strategiar er valde ut for å gje retning til Eid og Selje, og seinare Stad kommune si næringsutviklar-rolle:

1)            Vi skal arbeide for auka næringsattraktivitet og bulyst

2)            Vi støttar og skal arbeide for ei regionførstørring

3)            Vi skapar og satsar i lag

4)            Vi skal satse på eit berekraftig reiseliv

5)            Vi støttar grøn næringsutvikling

 

Som tillegg til strategidokumentet ligg eit kunnskapsgrunnlag (PDF, 4 MB) utarbeidd i perioden januar – mars 2018. Dette kunnskapsgrunnlaget har saman med Intensjonsavtale for nye Eid/Selje (PDF, 654 kB) kommune vore sentralt ved val av strategiar og prioriterte arbeidsoppgåver for kommunalt næringsutviklingsarbeid i tida framover.  Kommunane har av omsyn til den omfattande prosessen med kommunesamanslåing valt å avgrense seg til fem strategiar/prioriterte satsingsområde.

 

Sentrale dokument

Utkast strategisk næringsplan (PDF, 2 MB)

Kunnskapsgrunnlag - næringsanalyse (PDF, 4 MB)

Styringsdokument for Fellesnemnd for Eid og Selje (PDF, 852 kB)

Intensjonsavtale for nye Eid/Selje kommune (PDF, 654 kB)

Vedtekter kommunalt næringsfond (PDF, 319 kB)