Reiselivsstrategien skal gje eit målbilde for utvikling av Stad som reisemål. Arbeidet skal bygge på merkevaren "Alt i ein fjord". Dette vil vere ramma for korleis ein jobbar med utvikling av strategien og korleis ein kan utvikle dei ulike områda Nordfjord Smak, Nordfjord Spor og Nordfjord Saga. Det skal også jobbast med ein strategi for korleis ein skal tilpasse seg inn mot cruisetrafikken frå 2019.

Det er i september og oktober planlagt ei rekkje møter for å gje informasjon om prosjektet og kartlegge dagens situasjon.

27. september - ope møte om reiseliv og stadsutvikling i Selje kommune (inkl. møter om produktpakking). Møtestad: Selje klubbhus kl 17.00.

2. oktober - ope møte og avspark for arbeidet med reiselivsstrategi og stadsutvikling i Stad. Møtestad: Operahuset Nordfjord kl 19.00.

24.-25. oktober - førebuande kartleggingssamtalar med repr. frå bygdene (leiarar i bygdelaga).

15.- 25. oktober - div. folkemøter om stadsutvikling (9 bygder/stadar i Eid og Selje). Møta er også for dei som bur i kringliggjande bygder!

Priomo oktober - kartleggingssamtalar med reiselivsaktørar.

 

Invitasjon / program

Selje 27. september Operahuset Nordfjord 2. oktober                   

Invitasjon 27. september - reiseliv, cruise og stadsutvikling.jpgInvitasjon 2. oktober - reiseliv, cruise og stadsutvikling.jpg

 

Invitasjon folkemøte 15.-25. oktober

15. okt - Haugen/Vårtun kl 16.30
15. okt - Kjølsdalen/Montesorri kl 19.30
16. okt - Hjelle/Hjelle skule kl 16.30
16. okt - Stårheim/Fram kl 19.30
17. okt - Nordfjordeid/Eid rådhus kl 19.00
18. okt - Leikanger/Stad grendahus kl 18.30
24. okt - Selje/Selje samfunnshus kl 16.30
24. okt - Flatraket/Flatraket skule kl 19.30
25. okt - Bryggja/Bryggja grendahus kl 18.00

Invitasjon til ope folkemøte, stadsutvikling.jpg