Stillingar som kommunalsjefar, stabsleiar og rådgjevarstilling
Omstillingsprosjektet: organisasjons- og leiarstruktur Stad kommune
Kommunalsjefar og stabsleiarar er innplasserte
Det har vore gjennomført kartleggingssamtale og intervju av alle kommunalsjefar og stabsleiarar i Eid og Selje kommunar i høve innplassering i stillingane som kommunalsjefar og stabsleiarar i Stad kommune frå 1.1.2020. To av dei aktuelle kommunalsjefane til stillinga som kommunalsjef for Helse og omsorg, Ragna Haaland og Kari Krogh, har meldt i frå om at dei ikkje ønskjer å fortsetje som kommunalsjef i Stad kommune. Kari Krogh har ønskje å slutte i Eid kommune i løpet av 2019 og Ragna Haaland har sett fram ønskje om ei rådgjevarstilling innan hennar kompetanseområde. Stillinga som kommunalsjef for kommunalområde Helse og omsorg har vore lyst ut internt i Eid og Selje kommunar, og det var ein søkjar til stillinga. Det er skrive innstilling, med grunngjeving, i tilsetjingssakene av programleiar, som grunnlag for drøfting i møte med dei tillitsvalde 2.11.2018.