Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ny arbeidsavtale

Stad kommune

Arbeidet med utsending av dei om lag 1000 nye arbeidsavtalene for tilsette i Stad kommune er i gang. Dei neste dagane (frå 17. september) får alle FASTE tilsette ny arbeidsavtale i Stad kommune. Dersom alt går etter planen skal dei aller fleste få arbeidsavtale i løpet av 1-2 veker.

Arbeidsavtalene vert sende ut digitalt med posten si elektroniske signeringsløysing. Avtalene blir sende til dei e-postadressene som dei tilsette er registrerte med i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

HER kan du oppdatere informasjon om deg sjølv i kontakt- og reservasjonsregisteret. Vi oppmodar ALLE TILSETTE om å sjekke kva opplysningar som er registrerte i registeret.

For å signere elektronisk loggar den enkelte seg inn med til dømes Min ID, BankID på mobil eller kodar frå banken.

Du har 7 dagar på å signere arbeidsavtalen. Dersom den ikkje blir signert, kjem den tilbake til personal og kommunikasjon som utgått avtale. Utgåtte avtaler betyr ekstra arbeid og ny utsending. - Hjelp oss å lette arbeidet og gje tilbakemelding innan fristen!

Info. om arbeidsavtalen

 

Nytt Stad 2020 2. nov 2018.jpg