Omstillingvedtak1.jpg

Omstillingsavtalen har som føremål å sikre ein føreseieleg omstillingsprosess for kommunane sine tilsette. - Dei tillitsvalde er godt nøgde med prosessen kring utforminga av avtalen og innhaldet som no ligg i den, seier Laila Bødal, Mirjam Bruvoll og Barbro Noste, tre av dei hovudtillitsvalde i Stad 2020. Avtalen har blitt forma gjennom fleire arbeidsmøter og høyringar der deltaking og medverknad frå begge kommunane har vore brei. Prosjektkoordinator i Stad 2020, Kristine Dahl har leia prosessen (t.h).

Det vil i løpet av mars bli oppretta eit omstillingsutval som vil følgje opp innhaldet i avtalen.

Her kan du lese endeleg omstillingsavtale vedteken i partssamansett utval 1. mars.