Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Deltaking i prosessen

Involvering og medverknad - tilsette

Verneombod.jpgTilsetttreff6.jpg

Ei brei involvering av dei tillitsvalde og tilsette i begge kommunane er avgjerande for å kunne lykkast med ein god prosess og eit godt resultat for kommunesamanslåinga. Med ei open og involverande tilnærming skal ein sikre at medbestemmingsretten vert teken godt vare på gjennom prosessen.

På denne sida vil du finne info. om kva som pågår i prosessen som har betydning for deg, og korleis og når de som tilsett vert involvert i arbeidet!

 

Felles avdelingsleiarmøte 7. sept.

Fagdag om TENESTEDESIGN

 Fredag 7. september er det invitert til felles samling for alle avdelingsleiarar i Eid og Selje kommune. H ovudtema for dagen er tenestedesign. Tenestedesign handlar om å utvikle, planlegge og organisere tenester som skapar gode brukaropplevingar, der brukaren (innbyggjaren) vert sett i sentrum og involvert systematisk gjennom heile prosessen.

Stephanie Helland frå KS-konsulent er på plass for å gje leiarane eit innblikk i tenestedesign, prinsipp for samskaping og korleis vi kan nytte metoden som tilnærming når vi utviklar tenestene i ny kommune. Stephanie arbeider til dagleg med tenesteutvikling og omstilling innan helse og omsorg, med eit arbeidsområde som strekk seg frå tenestedesign, kompetanseutvikling, brukarmedverknad og kvalitetssikring av tenester, til leiarutvikling og organisasjonsutvikling innan alle tenesteområde.

Velkomen til treff for tilsette i Eid og Selje

Onsdag 5. september 2018

 

Tilsett-treff.JPG

Set av datoen onsdag 5. september 2018! Vi inviterer alle tilsette i Eid og Selje til ein kjekk kveld i Operahuset Nordfjord med musikk, god mat og fagleg påfyll. Arbeidet med å bygge oss saman, skape fellesskap og nye arbeidskulturar er i gang , og fagleg tema denne kvelden blir arbeidet med omstillingsprosjektet, samfunnsmål og strategiane for Stad2020.

Vi byr på nydeleg TAPAS frå Aske og nydeleg musikk frå MGP-vinnar Oselie Henden og vårt felles tospann Odd Erik Lote og Line Dybedal.

Håper du set av kvelden saman med nye og gamle kollegaer!

Tid/stad: Onsdag 5. september kl 17.30-20.30, Operahuset Nordfjord.

MELD DEG PÅ HER! Påmeldingsfrist 1. september 2018

Omstillingsavtale vedteken av PSU 1.3

Foreint om felles avtale

Omstillingsavtalen for dei tilsette i Eid og Selje er no vedteken i partssamansett utval. Det har vore ein grundig prosess der alle tilsette har fått høve til å vere med å utforme avtalen.

Arbeidsverkstad 2 omstillingsavtale, 10. januar

Oppfølging av omstillingsavtale

Onsdag 10. januar var verneomboda, tillitsvalde og leiarar i Eid og Selje kommune samla for å arbeide vidare med omstillingsavtalen for samanslåinga. Innspela som kom opp vert no teke med vidare inn i høyringsprosessen mot øvrige tilsette, som vil gå fram til 5. februar.

Avtralen skal etter plan vere ferdigstilt og handsama i fellesnemda og partssamansett møte 1. mars.