23.4.jpg23.2.jpg23.5.jpg

Hovudprosjektet Organisasjon og arbeidsgjevar er delt i tre delprosjekt:

1. Omstillingsprosjektet v/ Åslaug Krogsæter/Ingunn Rotihaug

2. Økonomi- og lønssystem v/ Ole Starheim/ Marit Wilhelmsen

3. Arbeidsgjevarpolitikk v/  Vivian Hellebust Sæten/ Heidi Bruland Kroken/Margunn Myklebost

 

Prosjekt 1 Omstillingsprosjektet handlar om å få på plass ein organisasjonsstruktur - ein organisasjons- og bemanningsplan for den nye kommunen. Prosjektet skildrar korleis vi skal arbeide for å organisere nye avdelingar og kva prosessar og metodar ein skal nytte for å innplassere og tilsetje leiarar og medarbeidarar i Stad kommune. Omstillingsprosjektet omfattar dei avdelingane og fagområda som vil bli berørte av omorganiseringar og strukturendringar før 2020. Desse avdelingane og fagområda er gjort nærare greie for i pkt. 5 i vedl. prosjektplan.

Prosjekt 2 Økonomi- og lønssystem har no starta opp. I dette prosjektet skal ein ha på plass ein felles HRM-base for nye Stad kommune, felles økonomisystem, budsjettsystem, fakturasystem, ny kontoplan osv.  Vi samarbeider også med nye Sunnfjord kommune og skal mellom anna ha felles opplæringsdagar og systembyggingsdagar med dei.

Prosjekt 3 Arbeidsgjevarpolitikk vil starte opp i løpet av mai når ny personalsjef er på plass. I dette prosjektet skal vi kartlegge arbeidsgjevarpolitikken i begge kommunar, sjå kva planar, reglement og rutinar vi har og som må lagast felles eller lagast nytt. Her inngår også særavtaler.

- Prosjektplan for omstillingsprosjektet

- Referat etter konstituerande møte i omstillingsutvalet og nedsetting av prosjektgruppe for omstillingsprosjektet

- Presentasjon omstillingsprosjeket 23.04.18

- Administrative arbeidsgrupper

- Mal for kartleggingskjema og innspel til organisasjons og bemanningsplan

- Drøftingsnotat frå prosjektleiar/rådmann