Mandat for fellesnemnda:
Fellesnemnda sitt arbeid må byggje på konsensusprinsippet. Nemnda må difor drøfte seg fram til framlegg som kan fremjast med likelydande innstilling til dei to kommunestyra. Fellesnemnda får som mandat å førebu kommunesamanslåinga og sikre naudsynt samordning mellom kommunane til konstituerande møte i nytt kommunestyre er halde hausten 2019.
Kvar av kommunane har i perioden fram til samanslåing ansvar for ordinær drift, men spørsmål som kan ha betydning for den nye kommunen bør drøftast i fellesnemnda før endeleg vedtak i kommunestyra. (sjå intensjonsavtalen sin omtale)
Nemnda konstituerer seg i august 2017 og vel sjølv leiar og nestleiar.

Fellesnemnda får følgjande fullmakter:
a) Gjennomgå og vurdere alle prinsipielle tilhøve ved samanslåingsprosessen. Vidare kan fellesnemnda fatte vedtak i alle saker som er naudsynte for å etablere den nye kommunen med mindre dette påverkar dei eksisterande kommunane.
b) Nemnda disponerer eingongstilskot og tilrår disponering av reformstøtte frå staten. Nemnda disponerer også evt tilskot til infrastrukturtiltak i kommunane. Nemnda vedtek budsjett for samanslåingsprosessen innanfor desse rammene.
c) Inngå avtalar på vegne av den nye kommunen
d) Tilsetje prosjektleiar og rådmann for den nye kommunen
e) Tilsetje revisor i den nye kommunen
f) Godkjenne prosjekt- og framdriftsplan for samanslåingsprosessen
g) Fastsetje arbeidsgjevarpolitikk for den nye kommunen i tråd med medråderettsreglane i hovudavtalen og arbeidsmiljølova
h) Utarbeider omstillingsdokument som legg grunnlag for arbeidsgjevarpolitiske spørsmål under samanslåingsprosessen
i) Får fullmakt til overføring av personell til den nye kommunen
j) Tar ansvar for informasjonsarbeid og involvering av innbyggjarane under utvikling av den nye kommunen
k) Utarbeide samla modell for den politiske organiseringa av den nye kommunen som skal vedtakast av det nye kommunestyret
l) Kome med uttale/innspel om val av hovudmodell for administrativ organisering av den nye kommunen
m) Fastsetje godtgjersle for fellesnemnda si verksemd og andre oppnemnde utval underlagt fellesnemnda
n) Utarbeide framlegg til delegeringsreglement som skal vedtakast av det nye kommunestyret
o) Utarbeide framlegg til politisk reglement, godtgjerslereglement og andre reglement som skal vedtakast av det nye kommunestyret
p) Har ansvar for det førebuande arbeidet med budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk
q) Gir uttale til Fylkesmannen om budsjett og økonomiplan for dei to kommunane

Innstillingsrett til kommunestyra
Dersom det kjem opp saker som vedkjem samanslåingsprosessen, og som er av ein slik art at dei må handsamast i eit eller begge kommunestyra, må fellesnemnda be rådmennene om å leggje fram dei aktuelle sakene for dei to kommunestyra.

Partssamansett utval
Det skal opprettast eit partssamansett utval under fellesnemnda. Utvalet skal samansetjast av fellesnemnda sine 12 medlemmer og to tillitsvalde frå kvar kommune.

Delegering
Fellesnemnda kan gje leiar i fellesnemnda og/eller prosjektleiar fullmakt til å gjere vedtak i enkeltsaker eller i saker som ikkje er av prinsipiell karakter.

Saksførebuing
a) Administrativ styringsgruppe førebur saker som prosjektleiar legg fram for fellesnemnda med tilråding
b) Rådmennene har møte- og talerett i fellesnemnda.

Funksjonsperiode
Fellesnemnda konstituerer seg sjølv og vel leiar og nestleiar.
a) Fellesnemnda si funksjonsperiode gjeld fram til konstituering av kommunestyret i den nye kommunen.
b) Leiar i Fellesnemnda kallar saman det nyvalde kommunestyret til konstituerande møte innan utgangen av oktober månad i 2019.
c) Leiar av Fellesnemnda leier møtet fram til ny ordførar er vald.