Som grunnlag for å styrkje arbeidet med lokaldemokratiet i den nye kommunen gjennomfører STAD 2020 ei undersøking for å kartleggje lokaldemokratiet i dagens to kommunar. Undersøkinga vil gje eit bilde på gode og mindre gode erfaringar, og vere til hjelp når ein skal vurdere behov for endring og utvikling i den nye kommunen.

KS Lokaldemokratiundersøking vert gjennomført av KS/bedrekommune.no og er eit av verktøya som vert framheva i Kommunal- og moderniseringsdepartement sitt prosjekt Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing. Undersøkinga består i ei undersøking blant innbyggjarane og  folkevalde i Eid og Selje. Delen av undersøkinga som går mot dei folkevalde vert gjennomført i kommunestyret i begge kommunane 9.november. Telefonintervju blant innbyggjarane vil skje i tidsrommet rundt den 9. november (veke 45).

Om undersøkinga

Undersøkinga består i at innbyggjarar og folkevalde i dei to kommunestyra svarar på 14 spørsmål om korleis ein oppfattar lokaldemokratiet i eiga kommune. Innbyggjarane får svare på spørsmåla i eit telefonintervju.

Dei folkevalde vil i tillegg svare på 29 spørsmål om arbeidet i kommunestyret. Spørsmåla som vert stilt dekkjer ulike side ved eit godt lokaldemokrati: påliteleg styre, ansvarleg styre, borgarnært styre og effektivt styre.

Gjennomføring av undersøkinga i kommunestyret 9.11

Undersøkinga skal svarast på elektronisk av dei faste kommunestyremedlemane, via nettbrett el lign i møtet. Undersøkinga vert gjort tilgjengeleg via epost-link for pålogging.  

Innbyggjardelen

Innbyggjardelen av undersøkinga vert gjennomført av Opinon gjennom telefonintervju.  

Resultat av heile undersøkinga vert publisert på offentleg portal www.bedrekommune.no innan utgangen av 2017. Kommunane vil før dette bli gjort kjend med resultata (både innbyggjar- og folkevald-delen av undersøkinga).

Undersøkinga er eit av fleire tiltak som no vert sett i verk med målsetnad om å styrkje og utvikle framtidas lokaldemokrati

Innbygjarinfo.JPG

Info.skriv innbyggjarar

Info.skriv folkevalde

KS Lokaldemokratiundersøking