Prosjektet omfattar fire hovudtema

Politisk organisering: Kva prinsipp kommunane vel for den politiske organiseringa i den nye kommunen, for eksempel når det gjeld samansetting av utval, styrer og råd, om ein vel komitémodell, kommunedelsutval eller tek i bruk ad hoc-utval, er viktig for korleis lokaldemokratiet fungerer.

Innbyggjarmedverknad: Korleis kommunane vil leggje til rette for politisk deltaking frå innbyggjarane si side har viktige konsekvensar for lokaldemokratiet. Skal ein for eksempel velje tiltak som legg til rette for enkelte grupper si deltaking, kva grupper skal eventuelt inviterast spesielt, eller skal ein leggje til rette for brei deltaking?

Måtar å arbeide på: Her kan aktuelle problemstillingar vere om kommunane skal leggje til rette for prosedyrar der innbyggjarane kan diskutere og vere med og ta avgjersler i bestemte lokale saker, om ein skal velje prosedyrar for å konsultere innbyggjarane der innbyggjarane kan gje si tilslutning eller kritisere kommunale forslag, eller om kommunen skal samarbeide med grendeutval/nærmiljøutval?

Digitale løysingar: Digitale verktøy kan vere eit godt verkemiddel i lokaldemokratiet og kan nyttast på mange ulike måtar, blant anna til å skape meir openheit og innsikt i lokalpolitiske saker og avgjersler, gjere det lettare å gje og ta imot informasjon til/frå politikarane og innbyggjarane og få innbyggjarane til å medverke i lokalpolitiske avgjersler mv.