Planarbeidet har starta med ei kartlegging av næringslivet i det som skal bli Stad kommune. På bakgrunn av denne kartlegginga og med utgangspunkt i mellom anna intensjonsavtalen for kommunesamanslåing mellom Eid og Selje kommunar, har programkontoret i Stad2020 utarbeidd eit forslag til ein felles strategisk næringsplan for Eid og Selje. Utkast blei lagt ut på høyring i mai og skal etter plan til endeleg handsaming og vedtak i dei to kommunane hausten 2018.
Under arbeidet med strategisk utviklingsplan er det også sett igang arbeid med ein reiselivsstrategi for Stad kommune samt eit prosjekt for stadsutvikling.