Felles plan for næringsutvikling
Eid og Selje kommunar og tettstaden Bryggja med krinsane Totland, Brygga og Maurstad blir frå 1. januar 2020 Stad kommune. Kommunane har i samarbeid med Fellesnemnd for Eid og Selje utarbeidd eit utkast til felles strategisk næringsplan, og arbeidet må sjåast i samanheng med det arbeidet som kommunane no gjer med å bygge den nye kommunen. Den strategiske næringsplanen er meint å gje retning for det felles kommunale næringsutviklingsarbeidet i tida fram mot 1. januar 2020. Næringsplanen skal på sikt inngå i ein større kommunedelplan for strategisk utvikling av Eid og Selje kommunar, der bu-, besøks- og næringsattraktivitet er tema.
Mål og strategiar
Følgjande mål er sett for kommunane sitt næringsutviklingsarbeid: «Kommunane Eid og Selje skal vere ein aktiv samfunnsutviklar som legge til rette for utvikling av eksisterande næringsliv og for nyetableringar, slik at næringslivet oppnår forventa auke i lokal sysselsetting».
Fem strategiar er valde ut for å gje retning til Eid og Selje, og seinare Stad kommune si næringsutviklar-rolle:
1) Vi skal arbeide for auka næringsattraktivitet og bulyst
2) Vi støttar og skal arbeide for ei regionførstørring
3) Vi skapar og satsar i lag
4) Vi skal satse på eit berekraftig reiseliv
5) Vi støttar grøn næringsutvikling
Som tillegg til strategidokumentet ligg eit kunnskapsgrunnlag (PDF, 4 MB) utarbeidd i perioden januar – mars 2018. Dette kunnskapsgrunnlaget har saman med Intensjonsavtale for nye Eid/Selje (PDF, 654 kB) kommune vore sentralt ved val av strategiar og prioriterte arbeidsoppgåver for kommunalt næringsutviklingsarbeid i tida framover. Kommunane har av omsyn til den omfattande prosessen med kommunesamanslåing valt å avgrense seg til fem strategiar/prioriterte satsingsområde.
Sentrale dokument
Utkast strategisk næringsplan (PDF, 2 MB)
Kunnskapsgrunnlag - næringsanalyse (PDF, 4 MB)
Styringsdokument for Fellesnemnd for Eid og Selje (PDF, 852 kB)