Eldrerådet i Stad kommune
Eldrerådet er eit partipolitisk uavhengig rådgjevande organ for Stad kommune. Eldrerådet skal fremje eldre sine synspunkt overfor lokalpolitikarane og arbeide for at Stad skal bli ein god kommune for eldre, jf lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd.

  • Pensjonistforeiningar, lag og organisasjonar/foreiningar kan kome med framlegg om medlemer og varamedlemer til Eldrerådet i Stad kommune for perioden 2019-2023.
  • Fleirtalet av rådsmedlemene skal ha fylt 60 år på valtidspunktet
  • Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar som skal veljast ut mellom alderspensjonistane

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Stad kommune
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er eit partipolitisk uavhengig rådgjevande organ for Stad kommune. Rådet skal fremje menneske med nedsett funksjonsevne sine synspunkt overfor lokalpolitikarane og arbeide for at Stad skal bli ein god kommune for menneske med nedsett funksjonsevne, jf lov om anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne.

  • Lag og organisasjonar/foreiningar kan kome med framlegg om medlemer og varamedlemer til råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Stad kommune for perioden 2019-2023
  • Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar. Desse skal ikkje vere medlemer i kommunestyret.