Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Møter

Møtebok fellesnemnda og PSU 25.4

IMG_6353.jpgIMG_6355.jpg

Det var møte i Fellesnemnda og PSU torsdag 25. april 2019.

Fellesnemnda handsama saka om nytt kommunevåpen for siste gong. Saka går no vidare til kommunestyra i Eid og Selje for endeleg vedtak. Fellesnemnda var samrøystes i å tilrå kommunevåpenet med St. Sunniva og fjordhest for kommunestyra som skal handsame saka 9. mai i Eid og 15. mai i Selje.

Her kan du sjå møtebok frå møtene.

Møtebok fellesnemnda

Møtebok partsamansett utval

Møtebok fellesnemnda 4. april

Ekstraordinært

IMG_5569.jpgIMG_5578.jpg

Det var ekstraordinært møte i Fellesnemnda torsdag 4. april 2019. Fellesnemnda fekk i denne omgang testa ut korleis vi kan bruke digitale møterom som forenklar og effektiviserar kvardagen i ei langstrakt kommune! Fellesnemnda var fordelt på kommunehuset i Selje og på Eid rådhus. I tillegg var to av medlemmane kopla på eksternt frå andre stadar. Fellesnemnda var einige om at dette er ein praksis ein kan nyttegjere seg av for å forenkle det politiske arbeidet i ny kommune. Digitale møter er eit av tiltaka som ligg for utprøving i prosjektet for politisk organisering.

Her kan du sjå møtebøka