Møtebok fellesnemnda 4. april
Ekstraordinært
Det var ekstraordinært møte i Fellesnemnda torsdag 4. april 2019. Fellesnemnda fekk i denne omgang testa ut korleis vi kan bruke digitale møterom som forenklar og effektiviserar kvardagen i ei langstrakt kommune! Fellesnemnda var fordelt på kommunehuset i Selje og på Eid rådhus. I tillegg var to av medlemmane kopla på eksternt frå andre stadar. Fellesnemnda var einige om at dette er ein praksis ein kan nyttegjere seg av for å forenkle det politiske arbeidet i ny kommune. Digitale møter er eit av tiltaka som ligg for utprøving i prosjektet for politisk organisering.