Nytt frå Fellesnemnda i Eid og Selje
Fellesnemnda og Partssamansett utval (PSU) i Eid og Selje hadde møte torsdag 6. juni, og fatta mellom anna desse vedtaka. Fellesnemnda/PSU har ansvar for å førebu arbeidet med nye Stad kommune frå 1.1.2020, og er samansett av seks representantar frå kvar av kommunane Eid og Selje pluss to observatørar frå Bryggja i Vågsøy, som blir grensejustert inn i den nye kommunen. I PSU sit i tillegg representantar for dei tilsette i Eid og Selje kommune.
Politisk hovudstruktur for Stad kommune
Stad kommune skal ha eit kommunestyre med 33 medlemmer, og formannskap med 9 medlemmer. Fellesnemnda vedtok at det skal vere fire faste utval/hovudutval i den nye kommunen med 7 medlemmer kvar: Oppvekst/opplæring, helse/omsorg, areal/eigedom og kultur/samfunn (namna på utvala kan bli justerte). Formannskapet skal handsame overordna plansaker, medan andre plansaker blir delegert til utvala.
Alle medlemmene i det nye kommunestyret skal ha plass i anten formannskap, eitt av hovudutvala eller kontrollutvalet. Stad kommune skal også ha eigne Eldreråd, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Ungdomsråd. Ein representant for Ungdomsrådet får møte i kommunestyret med møte- og talerett. Alle dei politiske møta i den nye kommunen skal gjennomførast på dagtid.
Organisering av hamnedrift i Nordfjord og Flora
Fellesnemnda handsama ein rapport utarbeidd av PWC om mulige alternativ for framtidig organisering av drift av kommunal hamneverksemd for kommunane Stad (Selje og Eid), Stryn, Gloppen, Kinn (Vågsøy og Flora) og Bremanger.
Rapporten peiker på at hamneselskapa er eit viktig verktøy for heilskapleg samfunnsutvikling gjennom at hamnene skapar stor næringsaktivitet for regionalt næringsliv. Hamnene i regionen vil truleg få auka aktivitet. Bakgrunnen for dette er at fiskeri, marine næringar og reiseliv truleg vil vekse i åra som kjem. Alle desse næringane er avhengig av gode hamner. Analysane i rapporten viser at å samle hamneaktiviteten for regionen i eit selskap eller eit konsern vil vere det beste.
Fellesnemnda for Eid og Selje vedtok at ein ynskjer å vere med vidare i prosessen for å utgreie ei samanslåing av hamneselskapa i regionen, slik den er skissert i sluttrapporten frå styringsgruppa.
Fellesnemnda for Eid og Selje legg til grunn at samanslåing er aktuelt tidlegast i 2021 - og at det dermed vil vere opp til det nye kommunestyret i Stad å ta endeleg stilling til saka i 2020.
Kystråd i Sogn og Fjordane
Fellesnemnda handsama sak om organisering og finansiering av eit Kystråd for Sogn og Fjordane. Fellesnemnd vedtok at ein er positive til at det vert etablert eit felles interesseorgan som skal fremje felles interesser og synleggjere potensiale og verdiar langs kysten, men at ein ikkje slutte seg til forslaget til organisering av kystrådet på noverande tidspunkt. Fellesnemnda ber om at ein arbeider vidare med ein struktur som ikkje utløyser behovet for nytt sekretariat, men i staden utløyser utviklingskapasitet i samarbeid med eksisterande organ og kommuneadministrasjon.
Sekretariat for Kontrollutval
Fellesnemnda vedtok med 6 mot 4 røyster å velje Vest Kontroll som sekretariat for Kontrollutvalet i nye Stad kommune. Vest Kontroll er lokalisert i Vanylven, og er i dag sekretariat for Kontrollutvala i sju kommuner på Søre Sunnmøre pluss Vågsøy og Selje i Nordfjord.
Støtte til etablering av Stad Idrettsråd
Fellesnemnda vedtok å innvilge ein søknad frå Idrettsråda i Eid og Selje om 120.000 kroner til å gjennomføre eit grundig plan- og utviklingsarbeid i prosessen fram mot etableringa av eit felles idrettsråd i Stad kommune.
Idrettslaga i Stad organiserer i dag aktivitetar for tusenvis av barn, unge og vaksne. Ein må sikre at Idrettsrådet i nye Stad kommune får det nødvendige grunnlaget til å vere kontakten mellom idrettslaga, mellom idretten og kommunen og mellom idretten og idrettskrinsen. Idrettsrådet i Stad kan gje idretten og frivilligheiten i Stad eit løft som sikrar rekruttering både av unge og eldre til deltaking i aktivitetar, leiing og styreverv.