Utkastet vert sendt på høyring til tilsette, verneombod og fagorganisasjonar i Selje og Eid kommunar. Alle tilsette er velkomne til å kome med uttale til framlegget. Vi ber likevel om at leiarane tek ansvar for utforming av felles innspel frå si teneste/avdeling, og at tillitsvalde- og verneombod sender felles uttale på vegne av sine medlemmar/ansvarsområde.
Rådmannen i Stad vil vedta organisasjons- og leiarstrukturen innan 1. oktober 2018.
Høyringsfristen er 21. august 2018.
Innspel til høyringa skal sendast til Eid kommune på elektronisk skjema via linken under:
Informasjon om høyringsprosessen vert også lagt ut på kommunane sine heimesider under Kunngjeringar.
Høyringsutkast - Organisasjons- og leiarstruktur for Stad kommune
Omstillingsprosjektet - Innspel frå arbeidsgrupper
Prosjektplan - Organisere nye avdelingar, tilsetje og innplassere tilsette