Mål
Eid og Selje kommunar skal fram til 01.01.2020 samen byggje ei ny kommune. Fellesnemnda i nye Stad kommune ønskjer å leggje til rette for at lag/organisasjonar og institusjonar i dei to kommunane skal bli betre kjende gjennom aktivitet og samarbeid.
Kulturen er limet som bind oss saman, og Bli kjend-fondet vil bidra med økonomiske tilskot for at ulike aktivitetar og arrangement kan gjennomførast.
Fondet
Bli kjend-fondet består av avsette midlar for åra 2018 og 2019. Det kan søkjast om tilskot på inntil kr 30.000,- pr. tiltak/arrangement.
Behandling av søknad
Søknadane vert behandla av kulturbyggingsgruppa i nye Stad kommune. Vedtak om tilskot vert gjeve skriftleg.
Målgruppe – kven kan søkje
Frivillige lag/organisasjonar og institusjonar i kommunane Eid og Selje kan søkje om tilskot.
Kva kan det søkjast om tilskot til
Du kan søke om å få dekt utgifter til gjennomføring av felles aktivitetar og arrangement som inviterer og inkluderer innbyggjarane i kommunane Eid og Selje. Det kan for eksempel vere klasseturar, pensjonisttreff, kulturarrangement og idrettsaktivitetar. Tiltaket må gå føre seg i ei av kommunane.
Krav til søknaden
Søknaden skal innehalde ei beskriving av tiltaket med målsetting, plan for marknadsføring og eit budsjett som vise korleis tilskotet er tenkt brukt. Søkjarane må ha bustad eller tilknyting til ei av kommunane.
Søknadsfrist
Søknadar vert handsama fortløpande.
Utbetaling
Tilskotet vert utbetalt jamfør vedtak.