Kommunalt næringsfond kan berre brukast til nyetablerarar og bedrifter. Bedriftsretta tiltak (direkte stønad til bedrifter) kan vere i regi av einskildbedrifter eller i form av nettverk mellom bedrifter. Kommunen kan ikkje bruke næringsfondet til generelle, tilretteleggande nærings- og samfunnsutviklingstiltak.
Det kan berre gjevast stønad til tidsavgrensa utviklingsprosjekt.
Dei bedriftsretta tiltaka kan omfatte investering i:
- Produksjonsanlegg og utstyr
- Profilering/merkevarebygging
- Produktutvikling
- Kompetansehevingstiltak (kurs, seminar)
- Marknadsundersøking
- Bedriftsutvikling
- Rådgjeving
- Nettverksbygging/bedriftsnettverk e.l
Les meir om kommunalt næringsfond
Søknaden må innehalda følgjande:
Om tiltaket:
- Ide / prosjekt / gjennomføring
- Marknadsvurdering
- Arbeidsplasser
- Framtidig utvikling
Økonomi:
- Investeringsoversikt
- Finansieringsplan
- Driftsbudsjett / likviditetsbudsjett
Om søkaren:
- Bakgrunn / kompetanse
- Referansar / ressurspersoner
- Andre ressursar
Det må gå klart fram av søknaden kva tilskotet er tenkt til. Som hovudregel bør ikkje prosjektet være starta før søknad og ei eventuell løyving skal ha utløysande effekt.
Korleis søkje?
Du må søke elektronisk gjennom nettsida: www.regionalforvaltning.no
Søknadsfristar 2019:
- 1. april 2019
- 1. oktober 2019
Kontaktpersonar
Hanne Marie Utvær
E-post: hanne.marie.utver@selje.kommune.no
Tlf: 911 02 779
Anna Karete Bjørlo
E-post: anna.karete.bjorlo@eid.kommune.no
Tlf: 57 88 58 26 /476 90 415
Retningslinjer Eid kommune og Selje kommune
Slik sender du inn søknad:
1.Gå inn på nettsida "www.regionalforvaltning.no"
2.Trykk på "Registrering". Lag et brukarnavn og et passord
3.Trykk på "Ny søknad"
4.Vel fylke "Sogn og Fjordane"
5.Vel støtteordning "Kommunalt næringsfond for Eid kommune og Selje kommune"
6.Skriv inn en beskrivande "Søknadstittel"
7.Trykk på "Opprett ny søknad"
8.Fyll inn tekst i alle felta. Husk å trykke på "Lagre og neste" mellom kvar gang.
9.Ikkje gløym å laste opp relevante vedlegg om bedrift/prosjekt. Disse må du ha gjort klart på førehand. Eksempel: Regnskap, investeringsbudsjett, forretningsplan, markedsanalyse, konsept, design.
10.Husk å trykke på "Send inn søknad" når du er ferdig med søknaden