Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Deltaking i prosessen

Omstillingsavtale - arbeidsverkstad 2

Avtaleutkast på høyring

Omstillingfoto.JPG

På bakgrunn av drøftingar og innspel frå arbeidsverkstaden i oktober og arbeidsmøte med hovudtillitsvalde og hovudverneomboda, ligg det no føre eit første utkast til ein felles omstillingsavtale for dei tilsette i Eid og Selje kommunar.

Onsdag 10. januar er leiarar, tillitsvalde og verneombod og tillitsvalde invitert til ein arbeidsverkstad 2, der avtaleutkastet vil bli gjennomgått og drøfta.

Avtalen vert no også sendt ut på høyring til alle tilsette med høyringsfrist 5. februar, og alle er velkomne til å kome med uttale til omstillingsavtalen. Leiarane tek ansvar for utforming av felles innspel frå si teneste/avdeling. Dei tillitsvalde- og verneombod sender felles uttale på vegne av sine medlemmar/ansvarsområde.

Innspel skal sendast til kristine.dahl@stad2020.no innan 5. februar.

Avtalen skal etter plan til handsaming/godkjenning i partssamansett utval/fellesnemda 1. mars.

Utkast til omstillingsavtale

Program for arbeidsverkstad 10. januar

 

Oppstartsmøte 16.10 - prosjektgruppa for STAD 2020

Leiarar for delprosjekta er på plass

20STAD2020 PROSJEKTGRUPPA-2.jpg20NYHStad2020 prosjektgrup.jpg

Prosjektgruppa frå venstre: Barbro Os Noste, Sissel Solheim, Mirjam Bruvoll, Wenche Berget, Ingrid Stave, Ingunn Rotihaug, Elin Paulsen, Håvar Fagerli, Roar Sætre, Harald Sivertsen, Åslaug Krogsæter, Barbro Longva, Kristine Dahl og Geir Holmen. Foto: Fjordabladet

Arbeidsverkstad 16. okt - omstillingsavtale

Tilsette i Eid og Selje kommune

Måndag 16. oktober var leiarar, tillitsvalde og hovudverneombod i kommunane Selje og Eid samla for å arbeide med ein felles overordna omstillingsavtale i høve samaslåingsprosessen. Avtalen skal sikre tryggleik og gje ein føreseieleg prosess for alle dei tilsette i kommunane.

Omstillingavtale1Omstillingsavtale3

 

Møte om omstillingsavtale

Frå medverknad til samskaping!

Mandag 16. oktober er leiarar, tillitsvalde og hovudverneombod i kommunane Selje og Eid invitert til samling og oppstartsmøte i høve arbeidet med ein omstillingsavtale for dei kommunalt tilsette. Omstillingsavtalen har som føremål å sikre ein føreseieleg omstillingsprosess, som kjenneteiknast av god medverknad frå dei tilsette sine representantar og samhandling mellom partane.

Åsbjørn Vetti frå KS-konsulent leiar samlinga denne dagen.

Omstillingsavtale.JPG