Prosjektleiarane for dei ulike delprosjekta i STAD 2020 er no på plass, og mandag 16. oktober var alle deltakarane i prosjektgruppa samla for fyrste gong.

Prosjektleiarane vil bli frikjøpt i 20% for å jobbe med prosjekta.

Arbeidet er samla under 7 delprosjekt; 4 av desse med prosjektleiarar frå Eid og 3 frå Selje kommune (sjå under).

I tida fram mot årsskiftet skal det jobbast med mandat for dei ulike delprosjekta. Mandata skal innehalde ei prosjektbeskriving med definerte målsettingar, suksessfaktorar og risiko for dei ulike områda. Når godkjende mandat ligg føre skal det igangsetjast eit kartleggingsarbeid, der ein under dei ulike delprosjekta skal innhenta kunnskap og erfaringsgrunnlag frå begge kommunane. Dette skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med å byggje strukturane i den nye kommunen. 

Delprosjekt.jpg

Prosjektgruppa består av 14 medlemmar, og er sett saman slik:

  • Åslaug Krogsæter, prosjektleiar for Stad 2020 og rådmann i Eid

  • Kristine Dahl, prosjektkoordinator Stad 2020

  • Elin Paulsen, prosjektmedarbeidar Stad 2020

  • Barbro Os Noste, hovudtillitsvald Fagforbundet

  • Mirjam Bruvoll, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet

  • Håvar Fagerlid, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet

  • Sissel Solheim, hovudtillitsvald Fagforbundet

  • Wenche Berget. Leiar av delprosjekt 1 «Stad 2020 - Den heilskaplege kommune». Tilsett i Selje kommune som tenesteleiar for servicekontoret og som IKT-koordinator.

  • Ingrid Stave. Leiar av delprosjekt 2 «Å bu i Stad 2020». Tilsett i Selje kommune som tenesteleiar for familie og velferd.

  • Roar Sætre. Leiar av delprosjekt 3 «Stad 2020 som tilretteleggar for samfunnsutvikling». Tilsett i Eid kommune som plan- og utviklingssjef.

  • Harald Sivertsen. Leiar av delprosjekt 4 «Å få sosial og fagleg utvikling og opplæring i Stad 2020». Tilsett i Eid kommune som kommunalsjef for oppvekst og kultur.

  • Barbro Longva. Leiar av delprosjekt 5 «Å ha sitt helse- og omsorgstilbod i Stad 2020». Tilsett i Selje kommune som tenesteleiar for Seljetunet.

  • Geir Holmen. Leiar av delprosjekt 6 « Å ha eit meiningsfult og aktivt liv i Stad 2020». Tilsett i Eid kommune som kultursjef.

  • Ingunn Rotihaug. Leiar av delprosjekt 7 «Stad 2020 som organisasjon og  arbeidsgjevar». Tilsett i Eid kommune som organisasjonssjef.