Over 80 personar levert inn forslag på kommunevåpen, og nemnda som i januar-mars har arbeidd med prosjektet har no gjennomgått alle forslag. Innbyggjarar frå begge kommunar har sendt inn forslag, men også andre interesserte har delteke. Fleire elevar frå Eid vidaregåande skule har sendt inn forslag, og det har også kome inn mange forslag frå skular og barnehagar i kommunane. Born på Stadlandet skule, Flatraket skule, Selje skule, Hjelle skule, Haugen skule, Nordfjordeid skule, Eid ungdomsskule, Kjølsdalen Montesorriskule, Leikvang barnehage, Golvsengane barnehage har alle levert inn sine forslag. Alle barnehagar og skular inkludert har det kome inn oppunder 500 enkeltforslag!
Nemnda har arbeidd med utgangspunkt i fellesnemnda sitt vedtak om å ha ein brei prosess og ein open idemyldring kring tema for det nye kommunevåpenet. For å nå ut til skular og barnehagar har nemnda invitert seg på møte med rektorar og styrarar med oppmoding om å engasjere borna med kommunevåpenteikning. Medlemer i nemnda har også besøkt enkelte klassar og fortalt om den nye kommunen og prosessen med kommunevåpen for ny kommune.
Borna på Nordfjordeid skule 4. klassetrinn hadde mange flotte forslag til kommunevåpen, og klare meiningar om kvifor dei nettopp hadde teikna slike forslag. Kjell Nøstdal i nemnda for namn og kommunevåpen for Stad kommune rettleia ivrige elevar i 4. klasse på Nordfjordeid skule. Foto: Fjordabladet.
Det er særleg 4 tema som peikar seg ut mellom dei innkomne forslaga. Desse er St. Sunniva, Vikingskip, Fjordhesten, Hav/fjord/vatn og bølgjer. I tillegg er det fleire med hjarte, venskap, natur, klosteret, skipstunnel, olivin og landskap.
Her er innspela som er komne inn i Eid
Her er innspela som er komne inn i Selje
Namnenemnda har no vurdert dei innkomne innspela, og gjort eit samrøystes vedtak på tema som no går til fellesnemda for endeleg avgjersle.
«Nemnda sitt forslag er at hav/fjord/vatn og bølgjer er eit allment og opent tema som gjev stort spelerom for kunstnarleg utforming. Dette er også ein fellesnemnar for begge kommunane.»
Prosess og framdrift for arbeid med kommunevåpen
Januar/mars 2018:
Idemyldring
Invitasjon til og open idémyldring kring tema for det nye kommunevåpenet. Frist innspel: 1. mars.
Mars/juni 2018:
Val av tema - konkurranse
1. Alle forslaga blir presentert på nettsidene til Eid kommune og Selje kommune, i tillegg til Stad2020. Dette gjeld også dei innspela som kom inn 2. mai 2017. Møte i nemnda der innkomne forslag vert vurdert og forslag til tema for det nye kommunevåpenet vert avgjort. Premiering av innkomne forslag.
2. Fellesnemnda handsamar det valde temaet 3. mai, forkastar og sender tilbake til nemnda eller gjev klarsignal til å gå vidare med prosessen. Fellesnemnda vurderer om det skal oppnemnast ein jury som skal vurdere dei innkomne forslaga som kjem inn basert på det valde temaet, eller om heraldikknemnda kan vere juryen.
3. Tre aktuelle firma blir invitert til ein avgrensa anbodskonkurranse. Oppdraget vil vere å teikne forslag til kommunevåpen basert på valt tema.
Haust 2018:
Godkjenning/vedtak om nytt kommunevåpen
1. Forslaga frå dei valde firma blir presentert for nemnda som igjen legg dei fram for fellesnemnda til orientering.
2. Nemnda kontaktar arkivverket undervegs i prosessen for synspunkt/avklaring om krava til heraldikk mm er på plass (avsjekk at våpenet kan godkjennast).
3. Folket kan seie si meining gjennom ei elektronisk avstemming – rådgjevande.
4. Nemnda (alternativ ein valt jury) tilrår kommunevåpen, grunngjev valet og sender over til fellesnemnda for vedtak og vidare formell godkjenning departement/kommunestyre.
Medialenkjer - om prosessen med utarbeiding av kommunevåpen