Onsdag 5. september var det felles tilsett-treff for nye Stad kommune - Eid og Selje - i storstova Operahuset Nordfjord. Ein flott kveld med 400 tilsette frå Eid og Selje med både fagleg innhald, underhaldning og god mat. Det er 2. år på rad det vert arrangert eit felles treff med alle tilsette frå begge kommunane.
Programleiar for Stad 2020 og rådmann i ny kommune, Åslaug Krogsæter informerte om arbeidet med omstillingsprosjektet og ny organisasjonsstruktur, og korleis dette heng saman med vedtekne strategiar for arbeidet med ny kommune. Pres.
Rasmus Mo frå Sogndal fengsla forsamlinga med ei djupt personleg forteljing om å prøve å gjere sitt beste uansett "dagsform". Dei tilsette fekk også musikalske smakebitar frå øvste hylle i den nye kommunen: Oselie Henden som er halvt eidar og halvt stadsar - og den vakre duoen Odd Eri Lothe (Kjølsdalen/Eid) og Line Dybedal (Selje) sørga for ei flott ramme for arrangementet.