Vi vil at folk skal bli betre kjende i den nye kommunen - farte rundt og gjere seg kjende både med nye folk og nye plassar. Vi ønskjer derfor å invitere alle bygdene til å vere med arrangere "søndagstur" med bygdevandringar i heile kommunen.

Stad2020 (og samarbeidspartar) vil sørge for kunngjeringar og midlar til lett servering, og ønskjer at bygdene og lokale "kjentfolk" leiar og er vertskap for vandringane. Di bygd kan elles legge opp arrangementet og innhaldet som de vil.

Det viktige å hugse på er:

  • Fast tidspunkt for turane er søndagar kl 14. De kan sjølve bestemme kor lenge det skal vare
  • Turane skal vere eigna for alle - også born og eldre
  • Oppmøtestaden må ha høve til parkering
  • Turen må ha ein "lokal guide" som kan fortelje litt om bygda og stadane vi besøker

Kva dag vi besøker di bygd, bestemmer vi ut frå kven som melder si interesse. - Så lagar vi til eit samla turprogram for 2019 som blir kunngjort ved påsketider. Detaljar for arrangementa treng ikkje vere klare.

Vi håpar di bygd takkar ja til å vere med!

- Ta kontakt med Stad2020, så avtaler vi tid og stad.

elin.paulsen@stad2020.no/911 65 658

Dersom fleire bygder ønskjer besøk enn kva vi rekk i 2019, så held vi fram i 2020.

Foreløpig har følgjande bygder meldt seg på:

Flatraket, Stårheim, Selje, Ervik, Heggjabygda, Nordfjordeid og Kjølsdalen.