Avrøystinga syner at 2369 av dei totalt 2797 som har gitt si røyst ynskjer St Sunniva og fjordhesten som motiv for det nye kommunevåpenet, medan 428 har røysta på båt-motivet. I prosent utgjer dette 85% for St Sunniva og fjordhesten, og 15% for båtmotivet.
Dei to framlegga til nytt kommunevåpen er utforma av designhuset Byrr i Nordfjord, bygd på innkomne idear og framlegg i ein open prosess hausten 2018.
Endeleg avgjerd om kommunevåpen for nye Stad kommune blir teken av kommunestyra i Eid og Selje i mai 2019, med innstilling til vedtak frå Fellesnemnda for nye Stad kommune. Fellesnemnda har møte for å vedta si innstilling til kommunestyra torsdag 25. april 2019.
Stad kommune er vedteken oppretta som ny kommune frå 1.1.2020, gjennom ei samanslåing av Eid og Selje kommunar pluss Bryggja i noverande Vågsøy kommune. Den nye kommunen får ca 9.500 innbyggjarar.