Calle Magnusson, Ervik Surfshop og Anita Otneim Hoddevik, Selje kommune
Mai-møtet starta i Hoddevika med orientering om ei spennande kommunal satsing på symjing og surfing i samarbeid med Ervik Surfshop! Calle Magnusson v/Ervik Surfshop og rektor ved Stadlandet skule Anita Otneim Hoddevik har samarbeida om opplegget sidan 2015 - ei ordning som gjev elevane ved Stadlandet og Selje skule moglegheit for viktig symjeopplæring i kombinasjon med kjekk surfeopplæring – og nyttig kunnskap om hav og natur. Godt og kreativt eksempel på korleis kommune og næringsliv kan samarbeide om viktige oppgåver!
På møtet i Leikanger fekk fellesnemnda og PSU orientering frå Fylkesmann Anne Karin Hamre om arbeidet med samanslåinga av fylkesembeta og pågåande strukturendringar. Kontrollutvalet v/Ole Reinhardt Bugjerde (kontrollutvalsleiar i Eid) og Per Egil Hellebust (nestleiar kontrollutvalet i Selje) var også tilstades og orienterte omutvalet si rolle med kontroll og tilsyn v/kommunesamanslåing. Pres./orientering frå Fylkesmann Anne Karin Hamre
I høve saka om plan for strategisk næringsutvikling orienterte Olav Hjelle om funna frå kartleggingsarbeidet som blei gjennomført i vinter. Analysen har vore eit viktig kunnskapsgrunnlag i arbeidet med ny strategisk næringsplan for Eid og Selje. Planen blei gjennomgått og drøfta i møtet, og vert no lagt ut på høyring. Næringsanalyse for Stad kommune
Fellesnemnda og fylkesmannen fekk også ei grundig orientering om pågåande arbeid i høve samanslåinga. Pres./orienteringssak frå prosjekt-/programleiar i Stad 2020
Oppsummering av vedtaka frå fellesnemnda/PSU:
Ny strategisk næringsplan for Eid og Selje
Fellesnemnda vedtok å legge ut på høyring framlegg til ein strategisk næringsplan for Eid og Selje for perioden 2018-2022. Planen byggjer på eit omfattande kartleggingsarbeid av næringslivet. Planen er meint å gje retning til det felles kommunale næringsutviklingsarbeidet for den nye kommunen, i tillegg til å vere førande for dagens kommunar sitt kommunale næringsutviklingsarbeid fram mot 1. januar 2020.
Fem strategiar er valde ut for å gje retning til Eid og Selje, og seinare Stad kommune si næringsutviklarrolle:
-
Vi skal arbeide for auka næringsattraktivitet og bulyst
-
Vi støttar og skal arbeide for ei regionførstørring
-
Vi skapar og satsar i lag
-
Vi skal satse på ei berekraftig reiseliv
-
Vi støttar grøn næringsutvikling
Planutkastet blir no sendt ut på høyring for vidare forankring og arbeid.
Klimastrategi for nye Stad kommune
Fellesnemnda vedtok å starte eit politisk prosjekt med sikte på å førebu ein klimastrategi for nye Stad kommune. Ein forstudie skal vere klar innan oktober 2018. Målet er å ha høge klimamål og ein tydeleg klimastrategi for den nye kommunen allereie frå starten av, og å legge ein slik strategi i nært samarbeid med næringslivet og andre aktørar i lokalsamfunnet.
Løyving til "Nordfjord Action Week"
Fellesnemnda forvaltar det felles kommunale næringsfondet for Eid og Selje. Fellesnemnda vedtok å løyve 50.000 kroner til Malakoff Rockfestival til å gjennomføre nysatsinga "Nordfjord Action Week", som går ut på å samle utvalte aktivitetar og opplevingar under éin paraply og marknadsføre det mot publikum som kjem til Nordfjord i forkant av Malakoff Rockfestival.
Kommunevåpen
Fellesnemnda handsama eit framlegg frå Namnenemnda i Eid og Selje om å velje tema for kommunevåpen for nye Stad kommune. Namnenemnda sitt framlegg var å velje temaet "hav/fjord/vatn og bølgjer".
Fellesnemnda gjorde følgjande vedtak i saka:
-
Sak 33/18 i Fellesnemnda val av kommunevåpen for Stad kommune vert utsett til neste møte 7. juni 2018.
-
Fellesnemnda ber om at ein innarbeidar i vidare handsaming dei historiske element frå dagens kommunar.
-
FN og PSU ber om å få utsendt til gjennomsyn dei ulike forslag til kommunevåpen som er komne inn."
Andre vedtak
Fellesnemnda og PSU vedtok eit samla styringsdokument (program) for etableringa av nye Stad kommune frå 1.1.2020. Fellesnemnda vedtok også eit oppdatert budsjett for arbeidet med å etablere den nye kommunen i 2018 og 2019. Eid og Selje har fått 24,6 mill kr i øyremerka statlege midlar til å gjennomføre samanslåingsarbeidet.
Her kan du sjå heile møteboka frå fellesnemnda 3. mai
Her kan du sjå heile møteboka frå partssamansett utval 3. mai