Fellesnemnda blei torsdag ønska velkommen til Ålesund av ordførar Eva Vinje Aurdal og prosjektgruppa for Nye Ålesund kommune og fekk ei spennande og nyttig orientering om arbeidet med samanslåing av kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund til éi ny storkommune. – Ei god økt med utveksling av erfaringar kring utfordringar og moglegheiter i prosessen med kommunesamanslåing.   

Ordførar ÅLesundLeiing i fellesnemda og Nye Ålesund.jpg

Fellesnemnda og leiing i Nye Ålesund.jpg

Møtebok fellesnemnda 1.3

Anders Wengen frå Tinkr avslutta fellesnemnda sitt møte med foredrag om temaet Folkevald i Stad kommune. Dette som innleiing til prosjektet som no skal setjast igang for å finne egna struktur for politisk organisering i nye Stad kommune, eit temaet som blei følgd opp fredagen med drøftingar og gruppearbeid.

Etter møtet vitja fellesnemnda Kystverket der dei fekk ei grundig innføring i Kystverket sine mange oppgåver, arbeidet med Stad Skipstunnel og korleis vi framover kan samarbeide om å få mest mogleg ringverkander av verdas første skipstunnel.

IMG_8624.JPG2.jpgIMG_8661.JPGIMG_8642.JPGIMG_8668.JPG12.jpg

 

Turen gjekk deretter vidare til Maritimt Kompetansesenter og Ålesund Kunnskapspark (Bue Innovation Arena). Norsk Maritimt Kompetansesenter er ein del av Campus Ålesund, og har som målsetting å vere ein av Norges aller viktigaste møteplassar for kompetanse, utvikling og innovasjon. NMK husar fleire av dei aller viktigast aktørane i den norske maritime klynga og er eit kraftsenter for utviklinga av framtidas havrom. Under besøket fekk fellesnemnda presentert utviklingstrendar, satsingsområder og ny teknologi innanfor området.

14.jpg16.jpgIMG_8709.JPGIMG_8682.JPG18.jpgIMG_8708.JPGIMG_8715.JPG

 

Fredagen starta med påfyll og inspirasjon frå fagleiar Per Morten Bjørgum som har jobba med Bulystteam i Steinkjer kommune. Han presenterte korleis Steinkjer kommune har tenkt nytt rundt lokaldemokrati og det å trekke folk flest meir med i styringa av lokalsamfunnet enn i dag. Bolyststeinkjer.no

20.jpgIMG_8829.JPG

Lenkjer frå media:

http://www.fjt.no/nyheter/2018/02/20/Stad-drar-p%C3%A5-%C2%ABstudietur%C2%BB-til-%C3%85lesund-16133571.ece

http://fjt.alda.no/bestillpluss?7&artRefId=16195824&12&aviskode=FT&targetUrl=http%253A%252F%252Fwww.fjt.no%252F%253Fservice%253DpaywallRedirect%2526articleUrl%253Dhttp%253A%252F%252Fwww.fjt.no%252Fnyheter%252Farticle16195824.ece

http://fjt.alda.no/bestillpluss?1&artRefId=16216398&12&aviskode=FT&targetUrl=http%253A%252F%252Fwww.fjt.no%252F%253Fservice%253DpaywallRedirect%2526articleUrl%253Dhttp%253A%252F%252Fwww.fjt.no%252Fnyheter%252Farticle16216398.ece

http://fjt.alda.no/bestillpluss?5&artRefId=16200383&12&aviskode=FT&targetUrl=http%253A%252F%252Fwww.fjt.no%252F%253Fservice%253DpaywallRedirect%2526articleUrl%253Dhttp%253A%252F%252Fwww.fjt.no%252Fnyheter%252Farticle16200383.ece