* Bildetekst.
Det har vore brei politisk semje nasjonalt om at statlege arbeidsplassar bør være spreidd geografisk. I regjeringa sin Plan for lokalisering av statlige arbeidsplasser vert det lagt vekt på at det skal leggjast til rette for vekst og utvikling i heile landet. Planen understrekar at det er viktig å nytte fagkompetansen ulike stadar i landet, og å sikre ein meir balansert lokalisering av statlege arbeidsplasser.
Dette vil bidra til å styrkje kunnskapsmiljø regionalt – og gje ein meir dynamisk og velfungerande arbeidsmarknad med betre moglegheiter for rekruttering for bedrifter og betre karrieremoglegheiter for arbeidstakarar.
- Vi ser særs positivt på mogelegheiter for vekst og utvikling i Nordfjord og nye Stad kommune, seier leiar i fellesnemnda Stein Robert Osdal. Nordfjord har eit svært sterkt næringsliv, med leiande bedrifter på nasjonalt nivå på sine område, med stort vekstpotensiale. Skal potensialet takast ut, treng vi ein balansert utvikling av arbeidsmarknaden vår der også statlege kompetansemiljø og arbeidsplassar vert bygd opp.
* Tore Hjelle (leiar Eid Høgre), Kristine Dahl (rådmann Selje), Stein Robert Osdal (ordførar Selje/leiar i fellesnemnda) og Alferd Bjørlo (ordførar Eid/nestleiar i fellesnemnda) gav kommunal- og moderniseringsministeren ein overordna presentasjon om planar og ambisjonar for Nordfjord og Stad kommune. - Eit godt møte med gode og avklarande diskusjonar, sa Alfred Bjørlo etter møtet. Møtet blei halde via nytt og effektivt konferanseutstyr på Eid rådhus.