Fleire reiselivsaktørar var inviterte for å dele sine erfaringar og tankar om moglegheits- og utfordringsbildet for reiselivsaktørar i nye Stad kommune. Therese Lien Smenes (dagleg leiar i Selje Hotell Invest), Kristina Myrseth (dagleg leiar i Vestkapphuset) og John Olav Lefdal i Port of Nordfjordeid fortalde om sine verksemder og framtidsplanar, og delte sine synspunkt om kva som vert viktig for å lykkast med satsingane.
Ingvill Flo frå PWC presenterte utkast til prosjektskisse/mandat for stadsutvikling og reiseliv. Formålet med arbeidet er at kommunen og reiselivsnæringa skal kome fram til ei ønska utviklingsretning for reiselivsnæringa fram mot år 2030. Mål og strategi skal ta utgangspunkt i Visit Nordfjord si merkevare “Alt i en fjord” og sub-brand: “Nordfjord Smak”, Nordfjord Spor og Nordfjord Saga”. Det skal òg utarbeiast ein strategi for marknadstilpassing inn mot cruiseturisme.
Følgjande medlemmer vert valt til å sitje i styringsgruppe for reiseliv- og stadutvikling: 1. Politisk vald medlem av Fellesnemnd for Eid og Selje – Alfred Bjørlo 2. Politisk vald medlem av Fellesnemnd for Eid og Selje – Geir Årvik 3. Stad Vekst (dagleg leiar/prosjektleiar) 4. Representant frå reiselivet/cruise Eli Førde Aarskog 5. Nordfjord Spor – Calle Magnusson 6. Nordfjord Saga – Gerd Fløde Bjørlo 7. Nordfjord Smak – Leon Knappskog 8. Visit Nordfjord v/Marita Lindvik.
2. oktober er det planlagt eit første ope dialog- /kickoffmøte om reiseliv og cruise på Operahuset Nordfjord.
Prosjektskisse reiselivsstrategi
Øvrige saker frå møtet: Møtebok frå møtet