21.-22. nov - Prosjektleiarsamling 2: Prosjektleiing og arbeid med planprogram
21. – 22. november startar prosjektgruppa opp arbeidet med delprosjekta og konkretisering av planprogrammet for samanslåinga. Under dag 1 får prosjektleiarane kurs i prosjektarbeid v/Tom Joensen.Dag 2 er sett av til å arbeidet med mandat for delprosjekta og forme planprogrammet. Jan Høegh frå BDO og Knut Bårdsen frå Nordic change vil bistå i arbeidet.
9. nov - Gjennomføring av lokaldemokratiundersøking i Eid og Selje
Godt samspel mellom kommunen og innbyggjarane er ein viktig del av utviklingsarbeidet i prosessen med kommunesamanslåing, og ei viktig målsetting for nye Stad kommune. I eit godt lokaldemokrati vert det lagt vekt på openheit og innsyn, moglegheit for involvering og medverknad i prosessane - og oppleving av nærleik til dei folkevalde.
Som grunnlag for å styrkje arbeidet med lokaldemokrati i den nye kommunene gjennomfører STAD 2020 ei undersøking for å kartleggje lokaldemokratiet i dagens to kommunar. Undersøkinga vil gje eit bilde på gode og mindre gode erfaringar, og vere til hjelp når ein skal vurdere behov for endring og utvikling i den nye kommunen. Både folkevalde og eit utval innbyggjarar deltek i undersøkinga.
1. nov - Prosjektleiarsamling; Fremtidens lokaldemokrati i nye kommuner
Når kommunar skal slå seg saman aktualiserer det viktige moglegheiter og utfordringar knytt til lokaldemokrati, folkevald styring, deltaking og medverknad.
Gjennom dette prosjektet ønsker departementet å leggje til rette for lokalt arbeid med fornying, utvikling og styrking av lokaldemokratiet. Ved å arrangere samlingar der ein vise fram gode eksempel på lokaldemokratitiltak og politisk organisering og arbeidsmåtar, vil departementet bidra til formidling av kunnskap, erfaringsspreiing, læring og utvikling om demokratiet i kommunar som skal slå seg saman. På prosjektleiarsamlinga var erfaringsutveksling mellom kommunane eit hovedtema. I tillegg presenterte forskerar kunnskap og erfaringar med ulike demokratitiltak.
19. okt - Deltaking i administrativ prosessnettverk i regi av KS Vest
19. oktober deltok prosjektkoordinator og rådmann i Selje på møte i det administrative prosessnettverket på Vestlandet. Samlinga i regi av KS Vest og KS er den fjerde samling i det administrative prosessnettverket, og denne gongen var omstillingsavtalar hovudtema. Sveinung Kvamme, kommunalsjef for HR IKT og utvikling i Røyken kommune presenterte korleis dei jobbar med slike avtalar i nye Asker kommune.
Ein del av føremålet med nettverket er å få høve til drøfte status og utfordringar i dei ulike samanslåingane, og lære av kvarandre.
16. okt - Samling og oppstart av arbeidet med omstillingsavtale
Måndag 16. oktober var leiarar, tillitsvalde og hovudverneombod i kommunane Selje og Eid samla for å arbeide med ein felles overordna omstillingsavtale i høve samanslåingsprosessen. Avtalen skal sikre tryggleik og gje ein føreseieleg prosess for alle dei tilsette i kommunane.
16. okt - Prosjektgruppa for Stad 2020 formelt etablert
Prosjektleiarane for dei ulike delprosjekta i STAD 2020 er no på plass, og mandag 16. oktober var alle deltakarane i prosjektgruppa samla for fyrste gong.
Prosjektleiarane skal jobbe i 20% stilling på prosjektet.
Arbeidet er samla under 7 delprosjekt; 4 av desse med prosjektleiarar frå Eid og 3 frå Selje kommune. I tida fram mot årsskiftet skal det jobbast med mandat for dei ulike delprosjekta. Mandata skal innehalde ei prosjektbeskriving med definerte målsettingar, suksessfaktorar og risiko for dei ulike områda. Når godkjende mandat ligg føre skal det igangsetjast eit kartleggingsarbeid, der ein under dei ulike delprosjekta skal innhenta kunnskap og erfaringsgrunnlag frå begge kommunane. Dette skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med å byggje strukturane i den nye kommunen.
13. oktober - Oppstart programutforming for Stad 2020
Fredag 13. oktober inviterte styrings- /prosjektgruppa inn til førebuande møte med konsulentbyrået BDO for å igangsetje arbeidet med utforming av eit overordna planprogram for samanslåinga. Planprogrammet vil danne grunnlag for organisering av delprosjekta, administrative og politiske prosjekt.