IMG_4928.jpgIMG_4968.jpg

51730786_10155669390815670_2875191080926576640_o.jpg51768451_10155669391040670_8246266848165756928_o.jpg

Ulike aktørar var inviterte inn for å belyst ulike sider av potensial og moglegheiter når skipstunnelen vert bygd.

Atle Hamar om regjeringa si satsing innanfor grøn skipsfart. 
Asgeir Hasund frå Mowi (tidlegare Marine Harvest) om korleis dei vil vekse og kor avhengig dei er av denne tunnelen.
Terje Andreassen frå Kystverket om klare fakta omkring dette prosjektet.
Per Sævik om Havila satsinga innan reiseliv.
Dagfinn Neteland konsernsjef i Fjord1, om det spanande samarbeidet med NSB. Dei ser verkeleg potensialet for reiselivet i regionen.
Mads Jonsson beskreiv kor fantastisk Nordfjord og Stadlandet er som stad å busetje .
Stein Kvalsund frå Maritim forening Sogn og Fjordane om potensial med sjøtransport.

Konferansen vart avslutta med utspørring av Stortingspolitikarane som var tydelege på at tunnelen må realiserast.

Konferansedag 2 var lagt til Selje kommune og blei brukt til å vise innovasjonstakten i næringslivet i Selje kommune og alt det spanande som skjer innanfor reiselivet.

 

Status for prosjektet Samferdselsdepartementet har bedt Kystverket om å foreta ein ny gjennomgang av prosjektet Stad skipstunnel. Målet med gjennomgangen å få kostandane ned til nivået som er avsatt i Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029. Resultatet av gjennomgangen skal leverast departementet innan 15. juni 2019.