Arbeid med namn og kommunevåpen for ny kommune
Kommunestyra i Selje og Eid sette våren 2017 ned ei namnenemnd for den nye kommunen. Mandatet til namnenemnda var å kome med forslag til namn på den nye kommunen i tillegg til forslag til kommunevåpen/flagg. Etter open prosess med gode innspel frå folk i Eid og Selje, vurderingar og framlegg frå namnenemda, blei Stad kommune vedteke som namn i felles kommunestyre 22. juni 2017.
Vidare prosess med utforming av kommunevåpen starta opp hausten 2017. På bakgrunn av framlegg om lovendring kring den statlege godkjenningsordninga, er frist for forslag til kommunevåpen for Stad kommune utsett til våren 2018.
Lovforslag Kommunal- og moderniseringsdepartementet: Prop. 157 L (2016–2017). Forslaget vil gje kommunestyret og fylkestinget eksklusiv kompetanse til å vedta flagg og våpen, og våpen og flagg skal derfor ikkje lenger godkjennast av Kongen i statsråd. Fovforslag opner for at kommunene sjølve kan bestemme sine eigne kommunevåpen og kommuneflagg, noko som vil gjere det enklere å utforme kommunevåpen.
Mål med prosessen med kommunevåpen:
- Klargjere sentrale element i identiteten til den nye kommunen
- Sikre brei involvering og profesjonalitet
- Nytt kommunevåpen implementert og teke i bruk frå 1. januar 2020
Reglar for utforming av kommunevåpen
Det finst reglar for korleis eit kommunevåpen skal sjå ut. Desse reglane blei innført omkring 1930 og stammar frå ein middelaldersk tradisjon. Ordet heraldikk kjem frå heroldane, som var dåtidas informasjonsfolk som ropte ut kva motivet på riddarane sine skjold var for å gjere klart for alle på kva side i kampane ridderane stod. Også i våre dagar skal kommunevåpena følgjast av ein kort og konsis tekst, som vert kalla blasonering.
Hovudreglar for kommunevåpen
-
Våpen skal ha to farger: Sølv eller gull, pluss rødt, blått, grønt eller svart.
-
Våpenet skal innehalde berre eitt motiv, men same motiv kan gjentakast fleire gongar.
-
Motivet må kunne beskrivast eintydig med heraldiske faguttrykk.
-
Motivet skal framstillast i rein flateteikning, utan bruk av perspektiv og skuggelegging.
-
Karakteristiske trekk ved motivet skal framhevast.
-
Motivet skal vere så enkelt at det er lett kjenneleg også i liten størrelse eller på lang avstand.
-
Motivet skal fylle skjoldflatene godt.
-
Våpenet må ikkje krenke rettigheitane til andre våpeneigarar som ein behøver å ta hensyn til.