Prosess
- 8 januar 2017 - Etter initiativ frå Bryggja utviklingslag vert det halde folkemøte for å lodde stemninga for ei eventuell grensejustering til Eid-Selje. I overkant av 200 personer signerte underskriftskampanjen til Bryggja Utviklingslag og sa med dét ja til ei eventuell grensejustering.
- 16. januar 2017 - Eid kommune vert kontakta av Bryggja utviklingslag som ønskjer å informere om at det er teke eit lokalt initiativ på Bryggja om å starte ein prosess for grensejustering. Ei nyskipa arbeidsgruppe inviterer Eid kommune til eit møte for å presentere bygda og kva innbyggjarane er opptekne av. Eid kommune takkar ja til invitasjonen og inviterer med Selje på bakgrunn av pågåande arbeid med samanslåing til éin kommune frå 1.1.2020.
- 23. januar 2017 - Møtet mellom arbeidsgruppa og Eid-Selje kommune vert gjennomført. På møtet informerer Bryggja om bygda og at dei ynskjer å be om grensejustering anten inn i Eid kommune frå 1.1.2019, eller inn i nye Eid/Selje kommune frå 1.1.2020. Eid og Selje signaliserer at ein prinsipielt ser positivt på å inkludere Bryggja i ein ny kommune dersom dette er eit ynskje i bygda og er eit lokalt initiativ.
- 7. februar - Bryggja utviklingslag sender søknad om grensejustering til Fylkesmannen. Av totalt 543 personar i Bryggja krins (pr febr. 2017) signerte 248 på lista, som først vart lagt fram på bygdemøtet 8. januar.
- Våren 2017 - Fylkesmannen startar utgreiingsarbeidet for å finne ut kva kommune Bryggja bør høyre til. Oppdraget blir gjeve til Telemarksforsking.
- 27. juli 2017 - Nytt folkemøte vert avholdt i forkant av innbyggjarundersøkinga.Ordførarar frå Eid, Selje og Vågsøy er inviterte inn for å halde innlegg og kunne svare på spørsmål.
- 17. august 2017 - Rapport frå innbyggjarhøyringa vert publisert. Denne viser at 79 % er positive til å bli ein del av Stad kommune, og at 84 % er negative til å bli ein del av Kinn kommune. Ut frå spreiinga på skalaen som er nytta, er det ein relativt stor del som er tydelege på kva dei meiner.
- 27. september 2017 - Sogn og Fjordane fylkeskommune melder at dei stiller seg positive til ei justering av kommunegrensene for grendene Bryggja, Totland og Maurstad, som i dag ligg under Vågsøy kommune.
- 5. oktober 2017 - Kommunestyret i Eid tilrår at det vert gjennomført grensejustering slik at krinsane Totland, Bryggja og Maurstad vert del av nye Stad kommune frå 1. januar 2020. Grensejusteringa omfattar ca 550 innbyggjarar i dagens Vågsøy kommune - som frå 1. januar 2020 blir del av nye Kinn kommune.
- Årsskifte 2017-2018 Endeleg avklaring på evt grensejustering.