Fellesnemnda og PSU besøkte denne gongen Måløy vidaregåande skule der administrativ leiar Helen Hjertaas orienterte om skulen sitt fylkesdekkande tilbodet innan maritime og marine fag, YSK samt samlokaliseringa med Fagskulen i Sogn og Fjordane og maritim avdeling Måløy. Til skulen høyrer også Sikkerheitssenteret i Måløy, som har utvikla ei omfattande kurs- og oppdragsverksemd innan maritim sektor. På omvisinga fekk fellesnemnda/PSU også moglegheit til å prøve skipssimulatoren ved skulen.
Randi Paulsen Humborstad, dagleg leiar i Måløy vekst og Roger Bergset i Segel orienterte om satsinga Måløy maritime ressurssentert. MMR er eit samarbeidsprosjekt mellom dei marine bedriftene i Måløy-regionen, Måløy vidaregåande skule og Fakultetet for biovitenskap (BIOVIT) ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) på Ås. Hovudmålet med prosjektet er å etablere eit lønnsamt FoU-senter i Måløy, som legger til rette for at studentar, forskarar og bedrifter i samspel kan nytte seg av senteret, og at slike samarbeid kan gi varige lokale arbeidsplassar innan marin FoU.
Adm. dir. i Local Host, Sindre Kvalheim holdt eit engasjerande innlegg om Måløy Academy, og korleis dataelektronikarar på Eid vgs. og YSK IT linje på Måløy vgs. er linjer som utfyller kvarandre godt. Han poengterte at IT- klynga er heilt avhengig av begge linjene.
Trond Haavik i Segel var invitert inn for å gje ei orientering om arbeidet og planane for Fjordane Virtuelle Campus (elektroklyngen).
Ny organisasjons- og leiarstruktur for Stad kommune var ei av hovudsakene som var oppe i møte. Rådmennene orienterte om framlegget og korleis ein tenker strukturen på nivå 1 og 2. Sak om Organisasjons- og leiarstruktur i Stad kommune