Felles avdelingsleiarmøte 7. sept.
Fagdag om TENESTEDESIGN
Fredag 7. september er det invitert til felles samling for alle avdelingsleiarar i Eid og Selje kommune. H ovudtema for dagen er tenestedesign. Tenestedesign handlar om å utvikle, planlegge og organisere tenester som skapar gode brukaropplevingar, der brukaren (innbyggjaren) vert sett i sentrum og involvert systematisk gjennom heile prosessen.
Stephanie Helland frå KS-konsulent er på plass for å gje leiarane eit innblikk i tenestedesign, prinsipp for samskaping og korleis vi kan nytte metoden som tilnærming når vi utviklar tenestene i ny kommune. Stephanie arbeider til dagleg med tenesteutvikling og omstilling innan helse og omsorg, med eit arbeidsområde som strekk seg frå tenestedesign, kompetanseutvikling, brukarmedverknad og kvalitetssikring av tenester, til leiarutvikling og organisasjonsutvikling innan alle tenesteområde.