Bryggja vert ein del av Stad kommune
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom Vågsøy kommune og kommunane Eid/Selje blir justert slik at området Bryggja blir flytta frå Vågsøy til Eid/Selje. Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes som dei nye kommunane Vågsøy/Flora og Eid/Selje trer i kraft.