Det er overraskande mykje stort og smått som vert omfatta av ei grensejustering. Alt frå brøyteavtalar, saksarkiv, eigarskap til kommunale bygningar, offentlege friområde og ansvar for heimetenester skal overførast til den nye kommunen. Sjølv om det enno er ei stund igjen til 1.januar 2020, er det mange avklaringar som må til før grensejusteringa kan gjennomførast. Prosjektet er delt i tre delprosjekt:

  1. Tenester og tilsette

  2. Eigedom og infrastruktur

  3. Økonomisk oppgjer

Alle dei tenestene som Vågsøy kommune utfører i Bryggja-området i dag, får Stad kommune ansvar for i 2020. Og dei tilsette som utfører dei tenestene, vert frå 2020 tilsette i Stad. Denne verksemdsoverdraginga vert no førebudd gjennom ei kartlegging av tenestene. Ut frå det vert det avklart kva tilsette som vert omfatta av overføringa og korleis vi skal gjennomføre den.

Tilsvarande skal alle dei bygningane og infrastrukturen som trengs for å utføre tenestene, overførast til Stad kommune. Her vert det no jobba med å avklare kva eigedomar det gjeld og kva forpliktingar eller rettar som er knytte til dei.

Likeins er det gjerne knytt gjeld eller ein verdi til dei bygningane, vegane mv. Dette skal i sin tur inngå i det økonomiske oppgjeret mellom Vågsøy og Stad. Målet er å ha klart eit framlegg til økonomisk oppgjer før påske, som så skal politisk handsamast i løpet av sommaren eller hausten.

Dei tre kommunane har vedteke ein felles prosjektplan som arbeidet er styrt og organisert etter. Den finn du her.

For å overvåke arbeidet er det oppnemnt ei styringsgruppe, samansett av fire folkevalde og to tilitsvalde. Dette er Nils Myklebust og Sølvi Grov (Vågsøy), Gunvald Ludvigsen (Eid), Terje Ødegård (Selje), Hilmar Kråkenes og Bjørg T Hellesø (tillitsvalde). Leiar i styringsgruppa er Nils Myklebust.

Prosjektleiar for grensejusteringa er Hans Peter Eidseflot i Eid kommune.

Prosjektplan grensejustering.